Eit av deltakarane som opplysningstida. Opplysningstida omhandlar

Eit avglans av
opplysningstida i “Jeppe på Bjerget” og “En kongelig affære”

 

Europeisk politikk, filosofi,
forsking og kommunikasjon blei radikalt endra i løpet av 1700-talet, som ein
del av ein bevegelse ofte referert til av deltakarane som opplysningstida.

We Will Write a Custom Essay Specifically
For You For Only $13.90/page!


order now

Opplysningstida omhandlar ein periode som vart prega av nye idear, især
samfunnskritikk, fornuft og vitskap (Tranøy & Stigen, 2017). Det er skreve
fleire tekstar og skovespel der tankar frå opplysningstida spegle av. Til dømes
komedien, “Jeppe på Bjerget” (Holberg, 1722/1987) og filmen; “En
kongelig affære” (Arcel, 2012). Men korleis måtar
speglar disse verka på opplysningstida sine idear og tankesett? Og kan
tematikken vere aktuell i dagens samfunn?

 

Karkaterkomedien “Jeppe på Bjerget”
er eit stykke som vart skreve av Ludvig Holberg i 1722, og omhandlar den
undertrykte, alkoholiserte bonden Jeppe som lever med sin sure kone, Nille. Stykket
tek for seg konflikten mellom samfunnet sin overklasse, og måten dei likar å
more seg med Jeppe (Dahl, et al., 2014, ss. 88-89). Det er fleire døme på
opplysningstida sine tankar, der ein av dei er kritikken mot samfunnet og andre
autoritetar. Måten overklassen sine maktytare hersar med dei lågare
samfunnsklassene berre for si egen fornøyelse impliserer dette. Jeppe fortel i
begynninga av scene 3: “Folk siger vel i Herredet, at Jeppe dricker; men de siger
icke, hvorfor Jeppe dricker (…)” (Holberg, 1722/1987). Jeppe drikker truleg
fordi han følar han verte sviken av samfunnet, og fordi nesten alle som er over
han i hierarkiet behandlar han som om han ikkje var verdt nokon ting.

 

Fornufta stod sterk under
opplysningstida (Tranøy & Stigen, 2017), og dette blir
representert i stykket. Jeppe innbiller seg at han har komme til paradis, blitt
til baron, deretter tilbake til bonde, for så å død og til slutt vere levende
igjen (Holberg, 1722/1987). Eit moderne
menneske vet at dette er ikkje er mulig, og dermed blir “Jeppe på Bjerget” eit
opplysningsstykke der poenget er at man skal tro på sin fornuft og ikkje på
urealistiske ting. Eit anna døme på den fornuftige tankegangen er måten Jeppe
avslører at baronens menn steler frå baronane. “(…) Du har Penge til
Sølvknappede Kiole, til Krusedoller for Hænderne, til Silke-Pung bag i Haaret,
og har kun 50 Rdr. om Aaret. (…)” (Holberg, 1722/1987). Her appellerer hovudpersonen
til fornufta, der han visar dette med enkel logikk.

 

I 1767 blir den britiske prinsessa
Caroline forlova med kong Christian VII av Danmark, men livet hennar med den
ubereknelege monarken vert eit isolerande elende. Christian får likevel raskt ein
følgjeven i den tyske Dr. Johann Struensee, ein idealistisk mann av opplysningane.

Som den einaste som kan påverke kongen, kan Struensee skape reformer i Danmark
gjennom Christian (Hedenstad, 2013). Struensee hadde nokså
stor innflytelse på kongen og brukte den til å herske over Danmark. Struensee
var tilhengar av opplysningstida og som Danmark sin “konge”, lagde han meir enn
2200 lover i årene 1770-1772, som skulle avgrensa adelens makt og autoritet (Pihl, 2017).Struensee framstår
som ein mann av folket, og borgarskapet får dermed ein større innflytelse, noko
som betyr at Struensee bana vei for ein ny sivilkultur der alle borgarar kunne uttrykke
seg, og dermed skape meir likestilling.

 

Vitskapen stod sterk under
opplysningstida (Tranøy & Stigen, 2017), og Struensee representer
dette i filmen. Han innførar koppevaksine til alle borgarane, noko som kan tyde
på ein begynning på ein likestilling mellom adelen og borgerane. “A smallpox
epidemic is not picky. It kills both kings and queens. As you very well know” (Arcel, 2012). Sitatet fortel om
korleis han likestile borgerane med adelen, og samtidig var opptatt av
medisinvitskap, noko som var ein av opplysningstida sine idégrunnlag (Tranøy & Stigen, 2017).

 

Eit av dei framståande temaa i “Jeppe
på Bjerget” er makt, og meir presist om korleis nokon menneske ikkje har dei
rette føresetnadane til å handtere makt, noko Jeppe representerer i komedien (Trøndelag Teater, 2012). Når Jeppe vaknar
opp som baron og med ein tilsynelatande makt forvandlar han seg til en tyrann (Dahl, et al., 2014, s. 89). For å setja det opp
mot dagens samfunn og som ein kontrast til Holberg sin samtid, kan ein seia at
i dagens samfunn ville ein situasjon blive stempla som politisk ukorrekt. Eit av
dei grunnleggande forutsetningane for eit moderne demokrati er like rettigheter
hos alle borgarar, der ein anerkjenner kvart enkeltindivid som like fornuftig
og like eigna til å styre, uavhengig av kvar man er plassert i det sosiale
hierarkiet. Dette er tankar som ville vært absurde på Holberg sin tid (Trøndelag Teater, 2012).

 

Også i filmen, “En kongelig affære”
kan ein kjenne att noen av opplysningstida sine tankar i dagens samfunn. Blant
anna den demokratiske ideologien til Struensee, noko som er ein av berebjelkane
i dagens, norske samfunn.

 

Det er fleire av tankane frå
opplysingstida som avspeglar seg i “Jeppe på Bjerget”. Mellom anna skiljet
mellom dei ulike samfunnsklasser og fornufta. I filmen, “En kongelig affære”
finn ein òg her fleire av tankane frå opplysingstida. Til dømes eit sterkare
borgarskap og vitskapen. Store delar av dagens samfunn avspeglar opplysningstida
sine tankar og verdiar, der “Jeppe på Bjerget” og “En kongelig affære” begge
viser til nokon av desse. Både dei demokratiske verdiane, vitskapen og fornufta
er alle tre bidragsytarar til det moderne samfunnet.

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

Bibliografi

·     
Arcel, N. (Regissør). (2012). En kongelig affære
Film.

·     
Dahl, B. H., Engelstad, A.,
Engelstad, I., Hellne-Halvorsen, E. B., Jemterud, I., Torp, A., &
Zandjani, C. (2014). Grip teksten. Oslo: Aschehoug.

·     
Hedenstad, M. (2013, Oktober 10). En
kongelig affære. Henta frå NRK: http://p3.no/filmpolitiet/2012/02/en-kongelig-affaere/
·     
Holberg, L. (1722/1987). Jeppe
paa Bierget. Bergen: J.W Eides forlag.

·     
Pihl, R. (2017, Desember 31). Danmark.

Henta frå SNL: https://snl.no/Danmark
·     
Tranøy, K. E., & Stigen, A.

(2017, Juli 11). Opplysningstiden. Henta frå SNL: https://snl.no/opplysningstiden
·     
Trøndelag Teater. (2012). BAKGRUNNSMATERIALE
til Jeppe på Bjerget av Ludvig Holberg. Henta frå Trøndelag Teater:
http://www.trondelag-teater.no/wp-content/uploads/importedmedia/Bakgrunnsmateriale_Jeppe.pdf